Hopp til hovedinnhold

Leigekontrakten kan ikkje seiast opp

Skrivebord med penner og en person som sitter på PCen. Foto.

Viss du ikkje kan seie opp leigekontrakten, men likevel har behov for å flytte, finn du informasjon om andre alternativ som kan vere aktuelle nedanfor.

Ta kontakt med den andre parten?

Nokre gongar blir utleigar og leigetakar einige om å avslutte leigekontrakten på eit tidlegare tidspunkt. Du kan derfor vurdere å ta kontakt med den andre parten for å høyre om dette er mogleg.

Framleige?

Viss du er ein leigetakar som har inngått ei tidsbestemt leigekontrakt som ikkje kan seiast opp, kan du leige ut bustaden vidare til nokon andre resten av leigeperioden, med godkjenning frå utleigar. Dette blir kalla framleige.

Les mer om fremleieHusleigelova § 7-5

Heve?

Som utleigar og leigetakar kan ein i nokre tilfelle ha rett til å avslutte leigeavtalen med umiddelbar verknad. Dette kallast å heve avtalen. Det må dreie seg om eit vesentleg brot på leigekontrakten for at du kan ha rett til å heve.

Les meir om heving

Angre?

Viss du leiger som ein privatperson og utleigaren din er ein næringsdrivande utleigar, kan du som leigetakar i nokre tilfelle ha rett til å angre deg frå leigeavtalen.

Les meir om angrerett

Usikker på kva du skal gjere?

Er du framleis usikker på kva du skal gjere og ønsker juridisk hjelp, kan du vurdere å ta kontakt med ein organisasjon som tilbyr dette.

Treng du juridisk hjelp?