Hopp til hovedinnhold

Husordensreglar

Temaer i denne artikkelen

Husleiekontrakt

Ro og orden

Leigetakaren pliktar etter reglene i husleigelova § 5-2 å følgje vanlege ordensreglar og rimelege påbud som utleigaren har fastsett til sikring av god husorden.

Slike reglar kan utleigar ha opplyst om munnleg, det kan stå skrive i husleigekontrakten eller det kan vere lagt ved som eit eige skriv i tillegg til husleigekontrakten. Dette blir ofte omtalt som husordensreglar.

Sjølv om det ikkje er skrive ned nokre spesifikke husordensreglar, så må leigetakaren likevel vise omsyn fordi utleigaren har ei plikt til å sikre god husorden.

Vanlege tema for husordensreglar:

  • Det skal vere ro i bygget mellom kl 22.00/23.00 til kl 07.00
  • Det er ikkje lov å røyke
  • Det er ikkje lov med dyr
  • Det skal vere orden i fellesareal både ute og inne
  • Det er ikkje lov å sette søppel i fellesareal
  • Regulering av løyve til parkering

Det er berre høve til å avtale rimelege påbod. Utleigar kan derfor ikkje i husordensreglane nekte at leigetakar har besøk i bustaden.

Har leigetakar lov til å ha kjæledyr?