Vi tar ikke imot besøkende ved våre kontorsteder. Unntak gjelder hvis du ønsker å se kunngjøringer/hente dokumenter som forkynnes ved kunngjøring, jf. domstolloven § 181
Hopp til hovedinnhold

Om bevis

Generelt om bevis

Det er partane sitt ansvar å sende inn bevis i ei sak. Vi anbefaler at du sender inn relevante bevis til støtte for forklaringa di. Bevisføringa i Husleigetvistutvalet skal som hovudregel vere skriftleg.

Ulike typar bevis

Bevis kan vere leigekontraken, bilde, kvitteringar, kontoutskrifter, kommunikasjon mellom partane, pristilbud, vitneforklaringar eller liknande. Det er viktig at bilda dine er av god kvalitet, slik at vi ser kva dei skal bevise.

Korleis sende inn bevis

Når du skal sende inn bevis til oss, ber vi om at du samanstiller bevisa i ein PDF som du legg ved til slutt i klageskjemaet. Då klipper og limer du inn filar i eit word-dokument. Vi ber deg skrive kort om kva kvar enkelt fil skal bevise. Deretter lagrar du word-dokumentet som ein PDF. Om du har PDF-redigeringsverktøy kan dette òg gjerast direkte i Adobe. Leigekontrakten og eventuell fullmakt kan vere eigne filvedlegg. Gi fila eit filnamn som er riktig for dokumentet. F.eks. "Husleigekontrakt".

Korleis sende inn klage

Vi anbefaler at du nyttar det digitale klageskjemaet vårt. Dersom du ikkje har høve til å nytte klageskjemaet, kan du sende inn signert klage og bevis per post.

Gi forklaringar til bevisa

Om du til dømes sender inn eit bilde som viser at golvet i leilegheita ikkje er godt nok vaska, så kan du forklare korleis det ikkje er vaska; golv med mykje støv og feittflekkar.

Dersom det ikkje går fram av bildet, kan du opplyse kva rom i leilegheita dette gjeld.

Videobevis

Husleigetvistutvalet tar i utgangspunktet ikkje imot video- eller lydfil.

Viss du ønsker å sende inn video- eller lydfilar må du først sende oss ei skriftleg forklaring av kva dei skal bevise og forklare kvifor dei er viktige bevis. Husleigetvistutvalet vil deretter gjere ei vurdering, og gi deg beskjed viss du skal få sende det inn.

Ettersending av bevis

Må du ettersende bevis eller annan informasjon, ber vi om at du nyttar vårt digitale skjema for tilleggsinformasjon. Korleis du gjer dette kan du lese om her.