Hopp til hovedinnhold

Leigetakar flyttar ut før leigetida eller oppseiingstida

Rettane og pliktene til utleigar og leigetakar gjeld ut den avtalte leigetida og oppseiingstida. Det betyr at leigetakar i utgangspunktet må fortsette å betale leige, medan utleigar må la leigetakar ha tilgang til bustaden.

Leigetakar må som hovudregel betale husleige sjølv om han flyttar ut før leigetida er ferdig. Utleigar har derimot i nokre tilfelle ei plikt til å forsøke å leige ut på nytt. Viss utleigar ikkje oppfyller plikta, kan eit krav på betaling av husleige eller tapte leigeinntekter heilt eller delvis falle bort.

Viss utleigar får inn ein ny leigetakar etter at leigetakar flyttar ut, har utleigar ikkje rett til å motta «dobbel» husleige.

Dersom utleigar og leigetakar har ein tidsbestemt leigekontrakt, kan leigetakar ha rett til å leige ut bustaden vidare til ein annan person (framleige) resten av leigetida.

Framleige - kan leigetakaren leige ut bustaden til andre?

Husleigelova § 7-5