Hopp til hovedinnhold

Når kan du klage?

Lurar du på om Husleigetvistutvalet kan behandle saka di? Vi behandlar konfliktar om leige av bustad over heile Noreg, inkludert på Svalbard. Både leigetakarar og utleigarar kan sende inn klage.

Kva saker behandlar Husleigetvistutvalet?

Husleigetvistutvalet behandlar konfliktar om leige av bustad.

Vanlege konfliktar:

  • Skudlig leige
  • Manglande utvask
  • Skadar og manglar
  • Oppseiing
  • Feil ved bustaden
  • Storleiken på leiga
  • Ulovleg depositum
Husleigelova § 1-1

Konflikten må gjelde leige av bustad

Husleigetvistutvalet behandlar ikkje konfliktar mellom hotell eller liknande overnattingsstedar og gjestane deira. Vi behandlar heller ikkje konfliktar om leige av næringseigedom eller leige av husrom til ferie- og fritidsbruk.

Sjekk dette før du klagar

  • Kva er avtalt? Sjekk leigekontrakten for å finne ut kva de har blitt einige om.
  • Både utleigarar og leigetakarar har rettar og plikter etter husleigelova. Du finn informasjon om kva reglar som gjeld via lenka nedst på sida. 
  • Ofte kan det løne seg å ta ein samtale med den andre parten og for å sjå om de kan finne ei løysing.