Vår publikumstelefon vil være stengt fra mandag 25. mars til og med tirsdag 2. april. Vi oppfordrer deg til å benytte våre digitale skjemaer her på nettsiden.
Hopp til hovedinnhold

Om mekling

Har du ei sak i Husleigetvistutvalet, eller vurderer du å sende inn ei klage? Hos oss kan utleigaren og leigetakaren få hjelp til å løyse ueinigheitene sjølv, i samarbeid med ein nøytral meklar frå Husleigetvistutvalet. Dette skjer i eit møte som blir kalla ei mekling.

I dei fleste sakene der partane deltar i ei mekling, blir dei einige om ei løysing på ueinigheitene. Mekling er ein rask og fleksibel måte å bli ferdige med saken på. Meklinga er frivillig.

Fordelane med mekling:

  • De kan løyse ueinigheitene raskare 
  • De kan avtale gode og fleksible løysingar 
  • De får hjelp av ein nøytral meklar
  • De kan bli ferdige med saka

Kvifor mekling?

Formålet med meklinga er at partane blir einige om ei løysing som dei kan leve med. Derfor må partane vere villige til å forhandle og inngå eit kompromiss.

Eksempel på kva partane kan forhandle om i meklinga:

  • Storleiken på pengebeløpet
  • Nedbetalingsplan
  • Utflyttingsdato

Når meklar vi?

Husleigetvistutvalet tilbyr mekling i saker vi meiner er eigna for mekling. Meklinga skjer i eit digitalt videomøte eller over telefon. Det betyr at du kan delta i meklinga frå der du er. 

Viss du har behov for tolk i meklinga, bestiller og betalar Husleigetvistutvalet for tolken.

.

Kva skjer etter meklinga?

Viss partane blir einige i meklinga, skriv vi ei bindande avtale. Avtalen blir kalla eit forlik. Forliket er ei endeleg løysing på saka. 

Blir ikkje partane einige, avgjer Husleigetvistutvalet saka i eit skriftleg vedtak. Er du ueinig i vedtaket, kan du ta vedtaket vidare til tingretten.

Les meir om saksgangen i Husleigetvistutvalet