Stor pågang – lengre behandlingstid enn vanleg. Sjå ventetid nedanfor.
Hopp til hovedinnhold

Saksbehandlingstid

Vi opplever for tida ein betydeleg auke i talet på saker som kjem inn. Dette fører dessverre til at saksbehandlingstida vår blir stadig lengre.

Auka saksbehandlingstid

Husleigetvistutvalet har hatt ein kraftig auke i talet på saker som kjem inn. Vi gjer det vi kan for å korte ned saksbehandlingstida. Likevel er den gjennomsnittlege ventetida no på minst seks månader frå ei ny klage kjem inn til vi kan starte behandlinga. Vi beklagar ulempene dette medfører, og takkar for tolmodet ditt!

Mens du ventar – har du snakka med motparten? Nokre gonger er det nettopp dette som skal til for å finne ei god og rask løysing. Les meir under: Hjelp til å løyse usemje.

Saksbehandlingstida varierer blant anna ut frå:

  • Saksinngang
  • Kor raskt klagen blir forkynt
  • Om det kjem inn tilsvar eller ikkje
  • Om saka kan løysast ved mekling
  • Kor mange saker vi har til behandling
Les meir om saksgangen i Husleigetvistutvalet Slik sjekkar du status i saka di