Hopp til hovedinnhold

Framleige - kan leigetakaren leige ut bustaden til andre?

To personer sitter ved et bord og har en avtale foran seg som skal signeres. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Husleiekontrakt

Når kan ein framleige?

Framleige betyr at leigetakar vidareutleiger bustaden til andre. Dette inneber at leigetakar, som framleiger, inngår eit eige kontraktsforhold med ein ny leigetakar i tillegg til den avtalen leigetakar har med utleigar.

Hovudregelen er at framleige ikkje er tillatt utan godkjenning frå utleigar.

Leigetakar kan likevel framleige:

  • ein del av bustaden
  • ved mellombels fråvær i inntil to år
  • ved tidsbestemt kontrakt

Leigetakar må i desse tilfella ha godkjenning frå utleier. Utleigar kan likevel berre nekte godkjenning viss han har sakleg grunn til å nekte akkurat denne framleigetakaren, eller viss bustaden blir klart overbefolka.

Eksempel: Dersom den som leigetakar ønsker å leige ut til (framleigetakar) har dårlege referansar, kan utleigar nekte framleige.

Framleige fritar ikkje for ansvar

Leigeforholdet til utleigar blir ikkje avslutta ved ei framleigekontrakt. Den nye leigetakaren er forplikta ovanfor leigetakaren som framleiger. Leigetakaren som framleiger er fortsatt forplikta ovarfor utleigaren.

I praksis inneber dette at dersom den nye leigetakaren ikkje betalar leige, så er også den som har framleigd ansvarleg overfor utleigaren for betaling av leige.

Husleieloven § 7-2 Husleigelova § 7-3 Husleigelova § 7-4 Husleigelova § 7-5

Framleige ved tidsbestemt leigekontrakt

Har du ein tidsbestemt kontrakt er det ikkje lov å avtale at ein kan nekte leigetakaren framleige.

Utleigaren kan likevel, som nemnt ovanfor, nekte å godkjenne den nye leigetakaren hvis det er sakleg grunn for det.