Hopp til hovedinnhold

Om digital kommunikasjon i Husleigetvistutvalet

Rask og sikker kommunikasjon

Husleigetvistutvalet har digital saksbehandling. Det betyr at vi sender breva våre digitalt til deg som har ei sak hos oss. Vidare kan du fylle ut klageskjema eller tilsvarsskjema digitalt. Dette er både raskt og sikkert.

Treng du hjelp til bruk av dei digitale tenestene våre?

Informasjon og hjelpetekstar er skrivne for å hjelpe deg til å kommunisere med oss digitalt.

Skulle du likevel ha behov for hjelp, kan du ta kontakt med oss på telefon eller e-post.

Nedanfor kan du lese meir om korleis du mottar brev frå oss og om korleis du sender inn informasjon.

Korleis mottar du breva våre?

Privatperson

Som privatperson mottar du breva i den digitale postkassa di.

Dersom du ikkje har aktivert ei digital postkasse, Digipost eller e-Boks, mottar du breva i vanleg post. Brev sendt med posten fører til lengre saksbehandlingstid. 

Sjå ein kort video om digital postkasseOpprett ei digital postkasseGå til DigipostGå til e-Boks

Sjekk innstillingane dine

Som privatperson må du sjekke innstillingane for varsling i den digitale postkassa di. Sørg for at du får varsel per e-post og/eller SMS når du har fått brev frå oss. 

Sjekk at varsel per e-post ikkje har hamna i søppelpostkassa di. 

Viss den digitale postkassa di ikkje har vorte brukt dei siste 14 månadane, kan den vere inaktiv.

Bedrift

Opptrer du på vegne av ei privat verksemd, mottar du breva digitalt i Altinn.

Meir informasjon om digital kommunikasjon med verksemder:

Gå til Altinn

Offentleg verksemd

Opptrer du på vegne av ei offentleg verksemd, mottar du breva digitalt i eige fagsystem eller i Altinn.

Meir informasjon om digital kommunikasjon med verksemder:

Gå til Altinn

Viss du treng hjelp eller har spørsmål om digital post, kan du ta kontakt med Digipost, e-Boks eller Altinn.

Korleis sender du inn informasjon til oss?

Viss du skal sende inn ei klage til Husleigetvistutvalet, kan du fylle ut det digitale klageskjemaet vårt.

Send inn klage

Viss du har blitt klaga inn, kan du fylle ut det digitale tilsvarsskjemaet vårt.

Eg har blitt klaga inn

Ønsker du å sende inn annan informasjon, ber vi om at du nyttar vårt digitale skjema for tilleggsinformasjon.

Send inn tilleggsinformasjon

Husleigetvistutvalet kan ikkje motta brev frå deg via Digipost eller e-Boks.