Hopp til hovedinnhold

Om saksgangen

Saksgangen – steg for steg

1
Tegnet illustrasjon av hånd som holder papirer med tittelen "Klage".

Vi mottar klagen

Når klagar har sendt inn ein klage og vi har mottatt klagen, registrerer vi klagen som ei sak.

Når kan du klage?Send inn klage
2

Vi gjennomgår klagen

Vi les gjennom klagen og sjekkar om vi kan behandle saka.

Klagar mottar ein faktura frå oss for betaling av saksbehandlingsgebyret.

Saksbehandlingsgebyret
3

Vi sender klagen til den innklaga

Når vi har mottatt betaling av gebyret, sender vi klagen til den innklaga. Klagar mottar ein kopi.

Den innklaga får ein frist til å bekrefte mottak av klagen og svare på klagen.

Eg har blitt klaga inn
4
To personer sitter ved et bord og har en avtale foran seg som skal signeres. Foto.

Vi mottar tilsvaret

Dersom den innklaga svarar på klagen, sender vi tilsvaret til klagaren.

Korleis sjekke status på klagen din?
5
To formelt kledde personer tar hverandre i hånden. Foto.

Mekling

Vi tilbyr mekling i saker vi meiner er eigna for det.

Viss partane takkar ja, avheld vi møte via video. Blir partane einige, skriv vi eit forlik og saka blir avslutta.

Om mekling
6
Skrivebord med penner og en person som sitter på PCen. Foto.

Vedtak

Viss saka ikkje blir løyst med mekling, avgjer vi saka i eit skriftleg vedtak.

Vi vurderer om partane først skal få høve til å sende inn meir informasjon.

Vedtak i Husleigetvistutvalet blir fatta av ein nøytral saksleiar, eit utvalgsmedlem frå leigetakarsida og eit utvalgsmedlem fra utleigarsida.

Når vedtaket er ferdig, sender vi vedtaket til partane. Vedtaket blir bindande viss ingen av partane tar saka inn for tingretten.

7

Oppgjer

I dei fleste saker skal den eine parten betale noko til den andre. Det skal dermed skje eit oppgjer.

Partane har sjølv ansvaret for å betale og å få betalt.

Her kan du rekne ut forseinkingsrenter

Dersom den som skuldar deg pengar ikkje betalar, kan du ta kontakt med namsmannen som kan hjelpe deg med å få pengane dine.

Kontaktinformasjon til namsmannen

Husleigetvistutvalet har ikkje ansvar for oppgjeret. Etter at vedtaket er sendt til partane, er saka avslutta hos oss.