Hopp til hovedinnhold

Gebyr og renter

Gebyr for saksbehandlinga

Når du sender inn ein klage må du betale eit gebyr til Husleigetvistutvalet. Vi sender ein faktura til deg så snart klagen er registrert.

Gebyret er på

  • kr 1 243 for utleigar
  • kr 248 for leigetakar

Du må betale gebyret før vi kan behandle saka. Viss du ikkje betalar gebyret, kan vi ikkje behandle saka di.

Du finn fakturaen i den digitale postkassa di. Viss du ikkje har ei digital postkasse, sender vi fakturaen per post. 

Om digital kommunikasjon i Husleigetvistutvalet

Forkynnings- omkostning

Viss klagen din blir forkynt via kunngjering i avis, må du sjølv betale for avisannonsen. Du kan krevje at motparten betalar tilbake kostnaden ved forkynning etter at saka er avslutta.

Les meir om forkynning

Forseinkingsrenter

Viss nokon ikkje har betalt det dei skuldar deg, kan du kreve forseinkingsrenter. Du skal ikkje rekne ut rentene når du sender inn klagen. Det er nok å krysse av for at du krev renter i klageskjemaet. Sjå bildet nedst på sida.

Etter at saka er avslutta er det partane sitt ansvar å rekne ut rentene. I vedtaket står det kva dato det skal betalast renter frå. Vi anbefaler å bruke ein kalkulator for forseinkingsrenter.

Kalkulator for forseinkingsrenter

Slik krev du sakskostnader og renter frå motparten

Du kan kreve at motparten må betale tilbake kostnader du har hatt i saka og betale renter til deg.

Hvis du krev at motparten skal betale saksbehandlingsgebyret, forkynningskostnader og renter til deg må du krysse av for “Ja” under punktet "Sakskostnader og renter" i klageskjemaet.

Skjermbilde fra skjema. Tittel: Sakskostnader og renter. Den annen part må betale saksbehandlingsgebyret samt eventuell forkynningsomkostning. Svaralternativer: Ja / Nei.