Hopp til hovedinnhold

Korleis sjekke status på klagen din?

Lurer du på kva som skjer med saka di?

Ver tolmodig

Vi må følge reglar for saksbehandlinga. Begge partane må få høve til å kommentere saka. Dette gjer at saksbehandlinga kan ta litt tid – men ikkje fortvil. Saka di er ikkje gløymt. Du mottar eit brev adressert til deg, eller kor du er satt i kopi, kvar gong noko skjer i saka di.

Saksbehandlingstida varierer frå sak til sak. Gjennomsnittleg behandlingstid for saker er 79 dagar.

Kor finn du status?

Husleigetvistutvalet har inga nettside kor du kan følge med på status i saka di. Du finn derimot informasjon om kva som skjer i saka i det siste brevet vi har sendt til deg. Kor du finn det siste brevet er avhengig av om du er ei verksemd eller ein privatperson.

Privatperson

Som privatperson mottar du breva i den digitale postkassa di. Har du ei digital postkasse, får du breva våre raskt og sikkert.

Dersom du ikkje har aktivert ei digital postkasse, Digipost eller e-Boks, mottar du breva i vanleg post. Brev sendt med posten fører til lengre saksbehandlingstid. 

Sjå ein kort video om digital postkasseOpprett ei digital postkasseGå til DigipostGå til e-Boks

Sjekk innstillingane dine

Som privatperson må du sjekke innstillingane for varsling i den digitale postkassa di. Sørg for at du får varsel per e-post og/eller SMS når du har fått brev frå oss. 

Sjekk at varsel per e-post ikkje har hamna i søppelpostkassa di. 

Viss den digitale postkassa di ikkje har blitt brukt dei siste 14 månadane, kan den vere inaktiv.

Bedrift

Opptrer du på vegne av ei privat verksemd, mottar du breva digitalt i Altinn.

Meir informasjon om digital kommunikasjon med verksemder:

Gå til Altinn

Offentleg verksemd

Opptrer du på vegne av ei offentlig verksemd, mottar du breva digitalt i eige fagsystem eller i Altinn.

Meir informasjon om digital kommunikasjon med verksemder:

Gå til Altinn

Opn det siste brevet du har mottatt frå oss, anten i Altinn, Digipost/e-boks eller vanleg postkasse. Her finn du informasjon om saka di.

Eksempel på brev med saksnummer fra HTU. Grafikk.
Slik ser du status

Når det skjer noko nytt i saka di, vil vi sende deg eit nytt brev med informasjon. Husk på å lese brevet nøye, og sjekk om du sjølv må sende inn informasjon.