Vår publikumstelefon vil være stengt fra mandag 25. mars til og med tirsdag 2. april. Vi oppfordrer deg til å benytte våre digitale skjemaer her på nettsiden.
Hopp til hovedinnhold

Leigekontrakt når ein bur i kollektiv

Person ser på dokumenter. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Leie sammen

Husleiekontrakt

Har du ein felles leigekontrakt med dei du bur med?

Mange som bur i kollektiv har ein felles kontrakt med utleigar. Då er det viktig å undersøke om ein som enkeltleigetakar kan seie opp leigeforholdet sitt, eller om ein må framleige dersom ein ønskjer å flytte ut og dei andre som bur i leigeobjektet vil bli buande.

Framleige - kan leigetakaren leige ut bustaden til andre? Om tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar

Felles leigekontrakt inneber som hovudregel at ein har et felles ansvar, solidaransvar, for pliktene i leigeforholdet. Det betyr at alle leigetakarane er ansvarlege for at heile leigesummen blir betalt.

Det kan også vere avtalt at leigetakarane skal ha delt ansvar, pro rata ansvar. Viss det er delt ansvar, så må det vere spesifisert. Dette kan avtalast munnleg, men vi anbefalar at ansvarsfordelinga er skriven ned i husleigekontrakten.

Er det ein som ikke betalar skuldig leige, så kan utleigaren krevje at dei andre leigetakarane betalar leiga dersom det ligg føre eit solidaransvar. I ettertid kan ein krevje dette tilbakebetalt av leigetakaren som skulle betalt leige. Eit slikt tilbakebetalingskrav mot leigetakrean er eit krav som ikkje kan behandlast av Husleigetvistutvalet.

Har det oppstått konfliktar mellom leigetakarane og utleigar, så kan ein sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet.

Når kan du klage?

Berre den eine leigetakaren som har signert leigekontrakten?

I nokre leigeforhold er det berre den eine leigetakaren som signerer leigekontrakten. For eksempel så står det i kontrakten at Thomas og Carl skal bu i leilegheita, men det er berre David som står oppført som leigetakar og har signert leigekontrakten. Då kan det vere avtalt mellom leigetakarane at David framleiger til Thomas og Carl. Det inneber at det er David som står ansvarleg ovanfor utleigaren, men han har også rettane når det gjeld å seie opp leigeforholdet og å fremje krav ved manglar i bustaden.

Kvar sin kontrakt med utleigar?

Har du og dei du leiger med kvar dykkar kontrakt med utleigaren? I slike tilfelle har du som oftast berre ansvar for di eiga leige, dvs. pro rata ansvar. Dersom det oppstår skadar i leigeobjektet, så kan utleigaren som utgangspunkt ikkje halde deg ansvarleg for skadar påført av andre. Likevel, her kan det ofte vere vanskeleg å bevise kven som er årsak til skaden.

Les kontrakten

Les nøye gjennom leigekontrakten for å finne ut kva den seier om ansvarsforhold, moglegheita for å seie opp leigeforholdet, og oppseiingstid.

Depositum

Dersom det skal betalst inn eit depositum, så må det opprettast depositumskonto i namnet til leigetakaren. Viss fleire leiger saman, men har kvar sin kontrakt, må dei ha kvar sin depositumskonto. Er det berre ein leigetakar som har inngått kontrakt med utleigaren, er det denne leigetakaren som skal betale depositumet på kontoen i sitt namn.

Depositum og garanti