Vi tar ikke imot besøkende ved våre kontorsteder. Unntak gjelder hvis du ønsker å se kunngjøringer/hente dokumenter som forkynnes ved kunngjøring, jf. domstolloven § 181
Hopp til hovedinnhold

Angrerett

Temaer i denne artikkelen

Husleiekontrakt

Angrerettlova inneheld reglar om angrerett for forbrukarar ved visse typar avtalar. Angrerett inneber at forbrukaren, innanfor ein angitt periode, kan gå frå avtalen utan å grunngi kvifor. Plikta partane har til å oppfylle avtalen vil då falle bort.

Har du inngått avtale om leige av bustad med ein privatperson, har du ingen angrerett.

Er du ein næringsdrivande leigetakar, har du heller ingen angrerett.

Leigetakar sin angrerett

I nokre tilfelle angrar du på å ha inngått ein leigekontrakt. Kva kan du gjere då?

Har du inngått ein avtale om leige av bustad, så er du i utgangspunktet bunden av denne. Hovudregelen er derfor at du som leigetakar ikkje har ein angrerett.

Etter angrerettlova kan leigetakar i nokre tilfelle ha rett til å angre på leigekontrakten.

  • Utleigar må vere næringsdrivande. Dette er vanlegvis ein som driv eit utleigefirma.
  • Avtalen må vere inngått ved fjernsalg, eller utanom den faste forretningsstaden til utleigar

Fjernsalg er typisk ein avtale om leige av bustad som blir inngått via telefon, sms, eller e-post der utleigar ikkje ber om at leigetakar ser bustaden før avtalen blir inngått. Det er ein føresetnad at utleigar har lagt opp til å inngå leigekontrakten utan at leigetakar ser bustaden og ved telefon, sms eller e-post.

Fristen for å angre er normalt 14 dagar frå den dagen leigeavtalen blei inngått. Viss utleigaren, som er næringsdrivande, ikkje har opplyst om angreretten ved avtaleinngåinga, har du 12 månader og 14 dagar frå dagen etter avtalen blei inngått.

Angrar ein utanfor desse tilfella, er alternativa å seie opp kontrakten eller framleige dersom kontrakten ikkje kan seiast opp. Du er i utgangspunktet forplikta til å betale leige i oppseiingstida.

Framleige - kan leigetakaren leige ut bustaden til andre? OppseiingHeving

Utleigar har ikkje angrerett

Angrerettlova gir berre forbrukarar moglegheit til å angre. Dette inneber at utleigar, uansett om det er ein profesjonell utlegar eller ein privatperson, ikkje har moglegheit til å angre på inngått leigekontrakt.

Dersom utleigar ønskjer å avslutte leigeforholdet må utleigar anten seie opp leigeforholdet, eller heve leigekontrakten. Det er eigne reglar for oppseiing og heving frå utleier. Det kan du lese om her.

OppseiingHeving