Hopp til hovedinnhold

Utleigar krev at leigetakar flyttar ut

Krev utleigar at du flyttar ut?

Det kan vere fleire grunnar til at utleigaren krev at leigetakaren flyttar. Vi har nedanfor trukke fram nokre av dei mest vanlege situasjonane som kan oppstå.

Skuldig leige?

Har ikkje du betalt husleiga di? Er det avtalt i leigekontrakten at skuldig leige gir tvangsgrunnlag for å kaste deg ut, så kan utleigaren iverksette tiltak for utkasting hvis du ikke har betalt leige. Utleigaren må først sende varsel med betalingsfrist på 14 dagar før utkasting kan settast i gang med hjelp frå namsmannen.

Er du sagt opp?

Har utleigaren levert ei gyldig oppseiing, som du ikkje har protestert på og heller ikkje flytta ut når oppseiingstida er utløpt? Då kan utleigaren også sette i gong tiltak for utkasting viss det er tvangsgrunnlag i kontrakten.

Les meir om oppseiing

Skal utleigar bruke bustaden sjølv?

Dersom utleigaren ber deg flytte fordi utleigaren sjølv treng bustaden, må utleigaren først seie opp. Du har rett til å bo i bustaden ut oppseiingstida.

Utleigaren kan ikkje kaste deg ut med mindre det allereie ligg føre ei gyldig oppseiing og oppseiingstida er ute, du skuldar leige og ikke har betalt etter å ha fått varsel, eller det er grunnlag for heving av leigekontrakten.

Heving