Vår publikumstelefon vil være stengt fra mandag 25. mars til og med tirsdag 2. april. Vi oppfordrer deg til å benytte våre digitale skjemaer her på nettsiden.
Hopp til hovedinnhold

Forklaring av juridiske ord og omgrep

Nedanfor finn du ei forklaring av nokre juridiske ord og omgrep som er aktuelle i ei sak i Husleigetvistutvalet.

Bevis

Noko som partane sender inn for å vise Husleigetvistutvalet at eit bestemt faktisk tilhøve er riktig.

Til dømes kan ein leigetakar sende inn ei utskrift frå nettbanken som bevis, for å vise at ho har betalt inn husleige til utleigar. Andre typar bevis er til dømes leigekontrakten, bilde, kvitteringar, kontoutskrifter, kommunikasjon mellom partane, pristilbod og skriftlege vitneforklaringar.

Les om bevis

Bevisbyrde

Vanlegvis bruker vi ordet for å forklare at ein av partane må bevise eit bestemt faktisk forhold, for eksempel at det ikkje var vaska godt nok då leigetakar flytta ut.

Forkynning

Husleigetvistutvalet må sørge for at klagen og vedtaket blir gjort tilgjengeleg for partane i ei sak. Dette blir kalla forkynning.

Les meir om forkynning

Forlik

Ein avtale mellom partane om ei løysing på ei konflikt. Partar som deltar i eit meklingsmøte i Husleigetvistutvalet, blir ofte einige om å inngå eit forlik. Viss partane inngår eit forlik i Husleigetvistutvalet, har forliket verknad som ein bindande dom.

Les meir om mekling

Fullmektig

Ein person som representerer ein part i ei sak i Husleigetvistutvalet. Dette kan for eksempel vere ein person som parten kjenner eller ein advokat.

Den innklaga

Den innklaga er den eller dei som har blitt klaga inn i ei sak hos Husleigetvisutvalet.

Eg har blitt klaga inn

Klagen

Klagen er dokumentet ein sender inn for å starte ei sak i Husleigetvistutvalet.

Når kan du klage?Send inn klage

Klagar

Den eller dei som har sendt inn ei klage til Husleigetvistutvalet.

Motpart

Den andre parten i saka i Husleigetvistutvalet.

Part

Vi bruker ordet om dei som er med i saka. «Klagar» er den parten som har sendt klagen inn til Husleigetvistutvalet. «Den innklaga» er den parten som har blitt klaga inn i ei sak.

Rettskraft

Eit rettskraftig vedtak frå Husleigetvistutvalet betyr at krava som vedtaket gjeld er endeleg avgjort. Vedtaket blir rettskraftig viss ingen av partane tar saka videre til tingretten innan ein månad etter at vedtaket er forkynt.

Stemning

Viss ein av partane er ueinige i eit vedtak frå Husleigetvistutvalet, kan parten ta saka vidare inn for tingretten. Ei stemning er dokumentet som parten må sende inn til tingretten for å få ei ny vurdering av saka.

Tilsvar

Svar på klagen.

Tvist

Konflikt

Vedtak

Ei avgjerd som avsluttar saka i Husleigetvistutvalet.