Hopp til hovedinnhold

Fukt og mugg i leilegheita

Bygning er skjult av byggearbeid. Blå himmel. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Skader som oppstår i leieperioden

Heving

Oppsigelse

Muggsopp er ein av dei mest vanlege bustadskadene. Det er ofte fleire årsaker til at muggsoppen oppstår. Ofte skuldast muggsoppen ein kombinasjon av forhold ved bustaden, bruken til leigetakar og lokale vêr- og klimaforhold.

Utleigaren har i utgangspunktet ansvar for at det ikkje skal vere mugg i bustaden. Bustaden må ha tilstrekkeleg med ventilasjon og varmekjelder. I nokre bustadar vil det vere behov for ein avfuktar.

Likevel kan mugg oppstå som følgje av feil bruk av bustaden. Det blir for eksempel ikkje lufta godt nok eller møblar blir plassert for nær ytterveggar. Det kan, som nemnt, ofte vere ein kombinasjon av fleire forhold som gjer at muggsopp oppstår.

Dersom det oppstår problem med mugg i bustaden, er det viktig å seie frå til utleigar så fort som mogleg. Muggsopp kan gi store skadar om det ikkje blir handtert riktig.

Førebygging av muggsopp

  • Muggsopp treng vatn, temperatur og næring for å overleve. Unngå fukt og ta tak i eventuelle fuktproblem.
  • Dersom du har fjerna muggsopp tidlegare bør du eit par gonger i året kontrollere at det ikkje er kome tilbake.
  • Ver ekstra merksam på god ventilasjon i rom som er utsett for fukt, for eksempel bad.

Informasjonen er henta frå hussoppen.no. Les meir om handtering av muggsopp der.

Søk hjelp frå fagkyndige

Mangelen på skriftlege bevis kan skape utfordringar viss partane blir ueinige. Det finst fleire firma som kan undersøke om det er muggsopp i ein bustad, kva årsakene er og kor alvorleg problemet er.

Vedlikehaldsplikta til utleigar og leigetakar Leigetakar har heva grunn av mugg