Hopp til hovedinnhold

Utleigar har sagt opp leigekontrakten

Skrivebord med penner og en person som sitter på PCen. Foto.

Har utleigaren sagt opp leigekontrakten? Her finn du informasjon om dine rettar og plikter.

Les leigekontrakten

Kva rett utleigar har til å seie opp leigeavtalen, står ofte skrive i leigekontrakten. Utleigaren kan seie opp ein tidsbestemt leigekontrakt, hvis det er avtalt. Viss ikkje anna er avtalt, kan utleigar seie opp ei tidsubestemt leigekontrakt.

Les meir om tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar

Oppseiingsvernet til leigetakar

Hovudregelen er at du som leigetakar har eit vern mot å bli sagt opp av utleigar. Dette kallar vi oppseiingsvernet til leigetakar. Blant anna må utleigar ha ein sakleg grunn for oppseiinga, og du har har rett til å protestere. Hvis du protesterer mot oppseiinga innan fristen, kan utleigar sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet for å få avgjort om oppseiinga er gyldig.

Korleis skal oppseiinga frå utleigar vere?

Hovudregelen er at utleigar må seie opp skriftleg. Oppseiinga må innehalde bestemt informasjon.

Oppseiinga må:

  • vere skriftleg
  • ha ei grunngjeving
  • opplyse om at leigetakar kan protestere skriftleg innan ein månad etter at oppseiinga er mottatt
  • opplyse om at dersom leigetakaren ikkje protesterer innan fristen, mistar leigetakar retten sin til å påstå at oppseiinga er i strid med husleigelova

Viss oppseiinga frå utleigar ikkje overheld formkrava, er oppseiinga ugyldig. I så fall treng du ikkje å protestere. Då kan du sjå vekk frå oppseiinga. Viss du likevel flyttar ut, blir det rekna som at du har godtatt oppseiinga

Husleigelova § 9-7

Saklege grunnar for oppseiinga

Utleigar må ha ein sakleg grunn for oppseiinga. Han kan seie opp leigeavtalen dersom:

  • bustaden skal brukast av utleigar sjølv eller nokon som høyrer til husstanden hans
  • bustaden skal rivast eller byggast om på ein slik måte at det er nødvendig at leigetakar flyttar ut
  • leigetakar har brote leigeavtalen, eller
  • utleigar har ein annan sakleg grunn til å seie opp leigeavtalen.

Ein annan sakleg grunn kan for eksempel vere at utleigar har selt bustaden. Viss oppseiinga for eksempel er grunngjeva ut frå religionen eller etnisiteten til leigetakaren, vil ho vere usakleg.

Husleigelova § 9-5 Husleigelova § 1-8

Du har rett til å protestere

Du har rett til å protestere skriftleg mot oppseiing frå utleigar innan ein månad frå du har mottatt oppseiinga. Viss du protesterer innan fristen, har utleigaren frist på tre månader på å reise søksmål (sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet). Fristen på tre månader, som utleigar har, blir rekna frå då fristen din til å protestere gikk ut.

Viss utleigar ikkje sender inn klage innan fristen på tre månader, fell oppseiinga bort. Du kan då fortsette å bo.

Viss du ikkje protesterer mot oppseiinga innan fristen, blir oppseiinga rekna som godtatt. Viss du likevel ikkje flyttar ut i løpet av oppseiingstida, kan utleigar be namsmannen om å kaste deg ut.

Husleigelova § 9-8 Tvangsfullbyrdingslova § 13-2 tredje avsnitt bokstav c

Kva skjer viss utleigar sender inn ein klage til oss?

I ein sak om oppseiing frå utleigar, kan Husleigetvistutvalet avgjere om oppseiinga er gyldig i eit skriftleg vedtak. Utleigar og leigetakar vil først få eit tilbod om å forklare seg munnleg i eit felles møte i Husleigetvistutvalet. Viss partane har behov for tolk i møtet, bestiller og betalar Husleigetvistutvalet for tolken.

Sjølv om utleigar har ein sakleg grunn for oppseiinga, kan Husleigetvistutvalet sette oppseiinga til side dersom oppseiinga vil verke urimeleg. Behovet utleigar har for å avslutte leigeavtalen må vegast mot behovet leigetakar har for å bu i bustaden.

Viss leigetakar er skuldig i vesentlege kontraktsbrot, skal det likevel ikkje gjerast ei vurdering av om de vil vere urimeleg å ikkje sette oppseiinga frå utleigar til side.

Mekling

Husleigetvistutvalet tilbyr mekling i saker vi meiner er eigna for mekling.

Om mekling

Husleigelova § 9-8 Les meir om vesentleg kontraktsbrot under temaet heving

Om saksgangen i Husleigetvistutvalet

Unntak frå oppseiingsvernet til leigetakar

Viss leigeavtalen gjeld eit enkeltrom der leigetakar har tilgang til delar av bustaden til utleigar, for eksempel badet eller kjøkkenet, har ikkje leigetakar eit oppseiingsvern. Det einaste kravet til oppseiing frå utleigar er at oppseiinga må vere skriftleg.

Husleigelova § 9-5, § 9-7 og § 9-8

Oppseiingsvernet til leigetakar gjeld heller ikkje for leigeavtalar som gjeld utleige av bustad som utleigaren sjølv har brukt som eigen bustad, og som blir leigd ut ved mellombels fråvær på inntil fem år. Dette gjeld likevel berre dersom leigetakar har fått opplyst skriftleg at avtalen gjeld slik bustad, og at dette gir leigetakar færre rettar enn ved leige av annan b.

Husleieloven § 11-4


Det finst også nokre eigne reglar for oppseiing av leigeavtalar der arbeidstakarar leiger bustad av arbeidsgjevar.

Husleigelova § 11-3