Stor pågang – lengre ventetid. Det tek i gjennomsnitt minst 6 månader frå vi får klaga til behandlinga startar.
Hopp til hovedinnhold
Husbanken symbol

Hjelp til å sikre ryddige leigeforhold

Husleigetvistutvalet er ei statleg verksemd som gir objektiv rettleiing til leigetakar og utleigar om leige av bustad. Dersom det oppstår konflikt i leigeforholdet, løyser vi saka gjennom mekling eller avgjer den ved vedtak.

Gate med hvite trehus. Foto.

Frå 1. januar 2026 blir Husleigetvistutvalet (HTU) ein del av Husbanken. HTU skal framleis vere fagleg uavhengig, men blir organisert som eit eige kontor i Husbanken. Oppgåvene og ansvaret til HTU held fram som før, med vekt på kvalitet og rettstryggleik. Samanslåinga skal gi HTU betre administrativ støtte, slik at saksleiarane våre kan bruke meir tid på å løyse tvistene.

!

Publisering av vedtak

Eit utval av vedtaka våre blir anonymiserte og publiserte på Lovdata sine nettsider.

Som regel veit vi ikkje om avgjerdene er tatt vidare til tingretten. Viss vi er blitt varsla om at saka er tatt vidare, vil dette kome fram av samandraget til den aktuelle avgjerda. Berre 3 % av sakene våre blir tatt vidare til tingretten.

Ønsker du å kontrollere om avgjerda er rettskraftig, kan du kontakte oss eller tingretten.

Gå til lovdata
i
dokumentmappe