Hopp til hovedinnhold

Utleigar krev erstatning

Har du fått eit erstatningskrav frå utleigar etter at du flytta ut? Her finn du ei oversikt over nokre situasjonar der utleigar kan ha rett på erstatning.

Dette kan gjere leigetakar ansvarleg

Leigetaker pliktar å flytte når oppseiingstida eller avtalt leigetid er ute. Bustaden skal vere i avtalt stand. Viss ikkje anna er avtalt skal bustaden vere rydda, reingjort og i same stand som ved overtakinga.

I kva stand bustaden vere ved tilbakelevering?

Skadar

Leigetakar kan bli erstatningsansvarleg for skadar og manglar som ikkje var i bustaden då ho flytta inn.

Det er opp til utleigar å bevise at leigetakar er ansvarleg for eventuelle skadar.

Viss skadane er eit resultat av vanleg slitasje, har ikkje utleigar rett på erstatning. Leigetakar har heller ikkje ansvar for det som utleigar pliktar å vedlikehalde.

Kven har ansvar for skadar og slitasje på bustaden?

Mangelfull utvask

Viss leigetakar ikkje har vaska ordentleg, kan ho bli erstatningsansvarleg overfor utleigar. Utleigar har rett på å få dekka nødvendige utgifter til å få bustaden vaska.

Leigetap

Viss utleigar ikkje får inn leigeinntekter i ein periode, og dette skuldast at leigetakar ikkje har oppfylt sine plikter etter avtalen, kan utleigar ha rett på erstatning for leigetap.

Erstatning for leigetap