Hopp til hovedinnhold

Bustaden har skadar ved utflytting

Har bustaden fått skadar i leigeperioden?

Nokre gongar oppdagar utleigar skadar på bustaden ved tilbakelevering. Ofte er partane ueinige om kven som er ansvarleg for skadane, eller omfanget av dei og kva utbedring vil koste.

Viss bustaden blir tilbakelevert med skadar eller manglar kan utleigar krevje erstatning for nødvendige utgifter til utbetring.

Husleigelova § 10-3

I kva stand bustaden vere ved tilbakelevering?

Viss utleigar meiner å ha eit krav mot leigetakar, er det viktig at utleigar innan rimeleg tid (normalt innen 14 dagar) sender melding til leigetakar om kva skade eller mangel det gjeld og kva han krev. Meldinga kan sendast i posten, per e-post eller SMS. Veit ikkje utleigar kva utbetring vil koste, kan han skrive at han vil presisere beløpet seinare.

I tilfelle det skulle oppstå ueinigheit, bør partane ta bilde av bustaden. Utleigar bør spare på kvitteringar og fakturaer viss han utbedrar skadar.

Viss leigetakar ikkje aksepterer kravet frå utleigar, kan utleigar sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet med krav om erstatning for skadene.

Send inn klage