Hopp til hovedinnhold

Når leigetakar nektar å flytte ut

Person låser seg inn en dør med nøkler. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Utflytting

Leigetakar er forplikta til å flytte når leigetida eller oppseiingstida er utløpt.

Utleigar kan krevje leige fram til leigetakar faktisk flyttar ut, dersom leigetakar blir buande lenger enn avtalt.

Viss det at leigetakar flyttar ut for seint fører til at utleigar får ekstrautgifter eller taper leigeinntekter, kan utleigar krevje at leigetakar erstattar tapet. 

Erstatning for leigetap

Viss det står i leigekontrakten at avslutning av leigetida eller oppseiingstida gir utleigar tvangsgrunnlag for å kaste ut leigetakar, kan utleigar be namsmannen om å kaste ut leigetakar.

Informasjon om utkastelse ved namsmannen