Hopp til hovedinnhold

I kva stand bustaden vere ved tilbakelevering?

Temaer i denne artikkelen

Utflytting

Leigetakar pliktar å levere tilbake bustaden i avtalt stand. Viss de har avtalt noko særskilt om kva stand bustaden skal vere i ved tilbakelevering, står det gjerne i leigekontrakten. 

Viss ikkje anna er avtalt, må leigetakar tilbakelevere bustaden rydda, reingjort og i same stand som ved overtakinga. Leigetakar har likevel ikkje ansvar for manglar som har kome av normal slitasje, og dei manglar som utleigar sjølv pliktar å utbetre.

Husleigelova § 10-2 Husleigelova § 5-3

Ein bustad skal ved utflyttinga vere så rein at neste leigetakar skal kunne flytte rett inn utan ytterlegare vasking. At bustaden skal tilbakeleverast i same stand inneber også at leigetakar må rense sluk, skifte batteri i røykvarslarar, bytte lyspærer og reparere skadar som store skruehol og skraper. Viss det fulgte med møblar og anna inventar, skal desse også tilbakeleverast i same stand, sett bort fr det som kjem av vanleg bruk og slitasje. 

Sjølv om bustaden var mangelfullt reingjort ved innflytting, er leigetakar forplikta til å vaske. Viss leigetakar ved innflyttinga var misfornøgd med reingjeringa, skulle han då reklamert til utleigar innan rimeleg tid.

Husleigelova § 2-8

Etter tilbakelevering har leigetakar ikkje lenger tilgang til bustaden, og har dermed heller ikkje utbetringsrett. 

Har leigetakar rett til å utbetre etter utflytting?

Utleigar kan på si side ikkje krevje erstatning for slitasje eller skadar som allereie var der ved innflytting.

Kven har ansvar for skadar og slitasje på bustaden?