Hopp til hovedinnhold

Erstatning for leigetap

Nærbilde av et svart mastercard. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Utflytting

Leigetap vil seie tapte leigeinntekter i ein periode der utleigar normalt kunne forventa å få inn leige. Utleigar kan ha krav på erstatning for leigetap frå leigetakar, viss tapet skuldast leigetakar.

Husleigelova § 10-3

Typiske eksempel

  • Leigetakar flyttar ikkje ut på avtalt tidspunkt. Dei nye leigetakarane som skulle flytte inn, finn seg ein ny bustad før leigetakar flyttar ut. Det tar litt tid før utleigar finn ein ny leigetakar, og ho tapar derfor leigeinntekter i ein periode.
  • Leigetakar har påført bustaden større skadar, og utleigar må reparere desse. Utleigar blir forseinka i prosessen med å leige ut på nytt, og tapar leigeinntekter i ein periode.