Hopp til hovedinnhold

Kven har ansvar for skadar og slitasje på bustaden?

Knust vindu. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Utflytting

Utgangspunktet er at bustaden skal tilbakeleverast i avtalt stand. Viss ikkje anna er avtalt skal bustaden vere i same stand som ved overtakinga.

Leigetakar kan bli erstatningsansvarleg ovanfor utleigar viss bustaden blir tilbakelevert med skadar eller manglar som ikkje var der då han flytta inn. Viss utleigar krev erstatning, er det opp til utleigar å bevise at det er leigetakar som er ansvarleg for skaden eller mangelen. 

Utleigar har ikkje rett på erstatning for skjemming som skuldast vanleg slitasje og elde, eller det som utleigar sjølv pliktar å vedlikehalde.

I kva stand bustaden vere ved tilbakelevering? Husleigelova § 10-3

Vi anbefalar partane å ta bilde ved både inn- og utflytting og gjerne også skrive protokoll eller tilstandsrapport saman. Dette vil vere nyttig, viss det skulle oppstå ueinigheit om ein skade. Leigetakar skal også seie frå viss det oppstår skadar undervegs i leigeforholdet, slik at skadane ikkje kjem som ei overrasking på utleigar ved endt leigeforhold.

Det løner seg å skrive protokoll ved innflytting og utflytting Skadar som oppstår i leigeperioden

Kva er vanleg slitasje og elde?

Slitasje og elde er merke som kjem av vanleg bruk over tid.

Kva som kan reknast som vanleg slitasje må vurderast konkret. Både alderen på bustaden, kor lenge leigeforholdet har vart, tilstanden bustaden var i før leigeforholdet blei inngått og kor mange som har budd i bustaden vil vere relevant i vurderinga.

Vedlikehaldsplikta til utleigar

I leigekontrakten står det gjerne kva de har avtalt om vedlikehald av bustaden i leigeperioden.

Viss ikkje partane har avtalt noko anna, har utleigar hovudansvaret for vedlikehaldet. Leigetakar har likevel ansvar for visse delar av vedlikehaldet.

Vedlikehaldsplikta til utleigar og leigetakar