Hopp til hovedinnhold

Enkelt forklart

Oppseiing er den vanlege måten å avslutte ein leigeavtale på i leigeperioden. Det vanlege er at oppseiingstida er tre månader, og at oppseiingstida startar den første dagen i månaden etter at ein av partane har sagt opp. Rettane og pliktene til utleigar og leigetakar gjeld i oppseiingstida.

Kva er avtalt?

Kva rett utleigar og leigetakar har til å seie opp leigeavtalen, står ofte skrive i den skriftlege leigekontrakten. Utleigar og leigetakar kan avtale om leigekontrakten kan seiast opp eller ikkje, og kva oppeiingstid som skal gjelde. Dei kan også avtale mellomløysingar, for eksempel at leigeavtalen ikkje kan seiast opp det første året av leigeperioden.

Reglar i husleigelova

Husleigelova inneheld reglar om rettane og pliktene til partane knytt til oppseiing.

Det er store forskjellar mellom reglane for ei oppseiing frå utleigar og ei oppseiing frå leigetakar. Til dømes har leigetakaren rett til å protestere mot ei oppseiing frå utleigaren, og oppseiing frå utleigar må vere skriftleg og innehalde bestemt informasjon.

Kan utleigar seie opp leigekontrakten? Kan leigetakar seie opp leigekontrakten?