Hopp til hovedinnhold

Leigetakar skuldar leige etter endt leigeforhold

Skuldar leigetakar leige etter endt leigeforhold? Her har vi samla nokre tips til utleigar.

Depositum og garanti

Viss leigetakar har betalt inn depositum eller det er stilt ein garanti, kan du krevje dekning gjennom depositumet eller garantien.

Depositum og garanti

Ta kontakt med leigetakar

I tilfelle der det ikkje ligg føre eit depositum, eller depositumet ikkje dekkjer all skuldig leige, kan det vere lurt å forsøke å få til ein nedbetalingsavtale med leigetakar.

Viss du ikkje får tak i leigetakar, eller leigetakar ikkje går med på ein nedbetalingsplan, bør du sende melding til leigetakar om kor mykje pengar du krev i skuldig leige og kva månader du krev leige for. Du bør sette ein 14 dagar lang frist for betaling til kontonummeret ditt.

Ingen betaling?

Viss leigetakar framleis ikke betalar, kan du sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet med krav om betaling av skuldig leige. Det er viktig at du i klagen gir ei spesifisert oversikt over kva månader kravet gjeld. Du bør også legge ved leigekontrakten og eventuelle andre bevis for kravet.

Send inn klage