Hopp til hovedinnhold

Send inn klage

Før du sender inn ein klage er det viktig at du set deg inn i korleis klageprosessen i Husleigetvistutvalet fungerer. Det kan også vere greit å orientere seg om saksbandlingstida. Det kan løne seg å ta kontakt med den andre parten for å sjå om de kan finne ei løysing, før du startar prosessen.

Klagen må vere skriven på norsk. Les gjennom stega nedanfor der vi gir deg rettleiing til utfylling av klagen. Det digitale klageskjemaet vårt finn du i lenka nederst på denne sida. 

Digital post

Husleigetvistutvalet sender primært ut informasjon til deg via digital post.

Vi anbefalar derfor at du sjekkar om du har ei digital postkasse før du sender inn ein klage til oss.

Du kan lese meir om korleis du opprettar digital postkasse her.

Her kan du sjå ein kort video med informasjon om digital postkasse.

Usikker på om du kan klage?

Finn ut om du kan klage

Korleis sende inn ein klage– steg for steg

1

Kan du sende inn klage?

Har du inngått avtale om leige av bustad, kan du sende inn klage til Husleigetvistutvalet.

Skal du sende inn ein klage på vegne av ein utleigar eller leigetakar, må du ha ei fullmakt. 

Representerer du ei verksemd, må du ha fullmakt frå styreleiar. 

Fullmaktsskjema
2

Finn fram nødvendige bevis i saka di

Finn fram relevante bevis som støttar forklaringa di. Du har ansvar for å sende inn bevis og skrive korleis bevisa støttar forklaringa di. Informasjonen du sender inn må vere relevant for krava i klagen. Det du sender inn blir oversendt til motparten. Du har ansvar for å utelate eller sensurere opplysingar du ikkje vil dele med motparten.

Nokre døme på bevis er leigekontrakta, bilde, kvitteringar, og kommunikasjon mellom partane. Du må samle bevisa i éin PDF-fil som du legg ved klagen.  

Vi tar ikkje imot video- eller lydfilar utan godkjenning

For å sende inn video- eller lydfilar må du først sende oss ei skriftleg skildring av kva dei skal bevise og forklare kvifor dei er viktige bevis. Husleigetvistutvalet vil gi deg beskjed viss du skal få sende det inn.

Les om bevis og korleis du sender det inn
3

Fyll ut og send inn klageskjemaet

Klageskjemaet gir god rettleiing om innhaldet du må ha med i klagen. Huk av og fyll ut dei felta som passar for klagen din. Les hjelpetekstane nøye.

Du har sjølv ansvar for at klagen din inneheld informasjonen vi må ha for å behandle saka. Det er ditt ansvar å gi opplysingar om adressa til motparten.

Lenke til digitalt klageskjema finn du lengre ned på denne sida. Viss du ikkje kan bruke det digitale klageskjemaet, kan du kontakte oss for å få tilsendt eit manuelt klageskjema. Dette må sendast inn per post.

til klageskjemaet Vanlege ueinigheiter
4

Vi registrerer klagen som ei sak

Når klagen er mottatt og registrert med eit saksnummer i systemet vårt, mottar du ein faktura frå oss. Å sende inn ein klage kostar per dags dato kr. 1243,- for utleigar og kr. 248,- for leigetakar. Gebyret må du betale før saka kan behandlast av oss.

Gebyr og renter
5

Kva skjer vidare?

Viss du må rette klagen din for at vi kan behandle saka, vil vi sende deg eit brev der du får ein frist for å rette klagen.

Vi gir ikkje råd om kva krav du kan eller ikkje kan kreve. Må du ettersende bevis eller annan informasjon, kan du bruke vårt digitale skjema for tilleggsinformasjon.

Les meir om saksgangen i Husleigetvistutvalet

Klar til å sende inn klage?