Hopp til hovedinnhold

Depositum og garanti

Enkelt forklart

Depositum og garanti er dei to moglegheitene partane har til å sikre krava utleigar har etter leigeavtalen. Dette gjer at utleigar kan få pengar viss leigetakar til dømes ikkje betalar husleiga.

For at utleigar skal ha rett på eit depositum eller ein garanti som sikrar krava hennar, må partane ha avtalt dette.

Depositum

Eit depositum er eit pengebeløp som leigetakar betaler, og som blir sett til side for å sikre krava utleigar har etter leigekontrakten. Depositumet skal stå på ein sperra bankkonto (depositumskonto) som står leigetakaren sitt namn.

Husleigelova § 3-5

Garanti

Ein garanti er eit løfte frå ein annan enn leigetakaren, til dømes eit forsikringsselskap eller Nav, som skal sikre krava utleigar har etter leiekontrakten.

Les meir om garantiHusleigelova § 3-6