Hopp til hovedinnhold

Leigetakar leiger ut bustaden til nokon andre

Utgangspunktet etter husleigelova er at leigetakaren ikkje har lov til å leige ut bustaden til nokon andre. Det står i husleigelova § 7-2.

Dersom leigetakaren har gjort dette utan løyve, er det eit brot på husleigekontrakten. Utleigaren kan då vurdere om leigeforholdet skal seiast opp eller om det er grunnlag for heving.

OppseiingNår kan utleigar heve leigekontrakten?

Ein sambuar, ektefelle eller slektningane til ektefellen eller sambuaren i rett opp- eller nedstigande linje kan flytte inn hos leigetakaren. I slike tilfelle er det ikkje snakk om å leige ut til nokon andre, og det krev ikkje godkjenning frå utleigaren.

Kan utleigar nekte leigetakar å bu saman med fleire?

I nokre tilfelle har leigetakaren lov til å framleige. I dei tilfella må leigetakaren uansett be om godkjenning frå utleigaren.

Framleige - kan leigetakaren leige ut bustaden til andre?