Husleige ved samlivsbrot

Dersom det oppstår eit samlivsbrot medan ein leiger, pliktar ein i utgangspunktet å betale husleige så lenge leigeforholdet består. Når det er avtalt solidaransvar, kan utleigar i utgangspunktet rette krav mot begge to, sjølv om den eine skulle ha flytta ut.
Som hovudregel har den enkelte leigetakaren rett til å seie opp leigeforholdet med utleigar. Det er derfor viktig at ein seier opp leigeforholdet for sin eigen del, dersom ein flyttar ut etter eit samlivsbrot og ikkje ønskjer å stå ansvarleg for den andre.
Dersom ingen av partane har økonomi til å halde på leiligheita alene, så må ein anten seie opp leigeforholdet eller vurdere framleige. At ein leigetakar seier opp og flyttar, kan gi grunnlag for oppsigelse frå utleigar viss det fører til at den som blir igjen ikkje kan betale leiga.
OppseiingFramleige - kan leigetakaren leige ut bustaden til andre?Andre ueinigheiter som kan oppstå
Alle ueinigheiterRelaterte artiklar

Fukt og mugg i leilegheita
Muggsopp er ein av dei mest vanlege bustadskadene. Det er ofte fleire årsaker til at muggsoppen oppstår. Ofte skuldast muggsoppen ein kombinasjon av forhold ved...

Leigekontrakt når ein bur i kollektiv

Kan utleigar nekte leigetakar å bu saman med fleire?
Felles husstand