Hopp til hovedinnhold

Når kan utleigar heve leigekontrakten?

Person bruker teip på flytteeske.

Temaer i denne artikkelen

Heving

Heving er ein ekstraordinær måte å avslutte leigeavtalen umiddelbart på. For at utleigar skal ha rett til å heve, må leigetakar vere skuldig i omfattande eller alvorleg kontraktsbrot.

Heving er den mest alvorlege måten å reagere på. Det skal derfor mykje til for å ha rett til å heve. Ofte vil det vere eit alternativ å seie opp leigeavtalen.

Les meir om oppseiing

Vilkår for å heve:

  • Utleigaren skal normalt sende ein skriftleg advarsel til leigetakaren før hevinga.
  • Det må vere eit vesentleg kontraktsbrot fra leigetakaren. 
  • Hevinga skal vere skriftleg og utleigaren skal opplyse leigetakaren om grunnen til hevinga. 

Om utleigar har rett til å heve, må ein vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Eksempler på situasjonar der utleigaren kan ha rett til å heve:

  • Leigetakar betalar ikkje inn husleiga
  • Leigetakar betalar ikkje inn avtalt depositum
  • Leigetakar bryt vedlikehaldsplikta på ein alvorleg måte
  • Leigetakar opptrer på ein måte som er til alvorleg skade eller sjenanse
  • Leigetakar leiger ut vidare til nokon andre utan å ha lov (ulovleg framleige)
  • Leigetakar brukar bustaden ulovleg, for eksempel til ein hasjplantasje

Utleigar bør sikre seg bevis

Dessverre kan mangelen på skriftlege bevis skape utfordringar viss partane blir ueinige. Utan skriftlege bevis kan det bli vanskeleg å vinne fram i ei sak i Husleigetvistutvalet.

Det kan vere lurt for utleigar å få juridisk rådgjeving før ho vel å heve leigekontrakten.

Treng du juridisk hjelp?Husleigelova § 9-9