Hopp til hovedinnhold

Kan utleigar nekte leigetakar å bu saman med fleire?

Temaer i denne artikkelen

Leie sammen

Felles husstand

Leigetakar har rett til å la ektefelle eller sambuar, eigne barn eller barna til ektefellen eller sambuaren, eventuelle fosterbarn, foreldre og besteforeldre bu i bustaden saman med han.

Dersom leigetakar derimot ønskjer at andre personar enn dei som er nemnt i avsnittet over skal bu saman med han, må dette godkjennast av utleigar. Utleigar kan berre nekte leigetakar å la ein annan person bu i bustaden, viss det ligg føre ein sakleg grunn eller viss bustaden klart blir overbefolka.

Husleigelova § 7-1

Felles husstand

Å bu saman i felles husstand betyr å ha felles hushaldning, det vil seie å leve saman på ein familieliknende måte med ein viss grad av felles økonomi, felles måltid osv.

Framleige delar av bustaden

I mange tilfelle skal ein ikkje bli ein felles husstand, men ein ønskjer å la ein venn flytte inn for å ha nokon å dele leigeutgiftene med. I slike tilfeller kan det vere aktuelt med framleige av delar av bustaden.

Utleigar kan berre nekte leigetakar å framleige delar av bustaden, viss det ligg føre ein sakleg grunn eller viss bustaden klart blir overbefolka. Ved framleige av delar av bustaden, er det ein føresetnad at leigetakar sjølv blir buande i bustaden i tillegg til den eller dei som skal flytte inn.

Husleigelova § 7-3 Framleige - kan leigetakaren leige ut bustaden til andre?

Vanleg besøk er tillatt og kan ikkje nektast