Hopp til hovedinnhold

Utleigar krev pengar i tillegg til leiga

To personer sitter ved et bord og har en avtale foran seg som skal signeres. Foto.

Krev utleigar pengar i tillegg til husleiga? Husleigelova har reglar for kva utleigar kan krevje at du betalar.

Sjekk leigekontrakten

I leigekontrakten står det gjerne kva du skal betale i leige og når leiga skal betalast. I nokre leiekontrakter står det også kva som er inkludert i leiga.

Viss det er avtalt at du skal betale tillegg for f.eks. straum, står dette vanlegvis i leigekontrakten.

Kva kan utleigar krevje?

Partane kan avtale at leigetakar skal betale for sin del av forbruket til straum, vatn og avløp. Andre tillegg til leiga vil vere i strid med lova.

Eksempel

Utleigar kan ikkje krevje at du betalar ekstra for internett. Viss utleigar ønsker at du dekker utgifter til internett, må dette vere inkludert i den avtalte husleiga.

Utleigar kan derimot velje å ikkje tilby tv eller internett. Du må i tilfelle opprette eige abonnement om du ønskjer å ha tv og internett i bustaden.

Kva kan utleigar krevje at leigetakar betalar? Husleigelova § 3-1 Husleigelova § 3-4