Hopp til hovedinnhold

Kva kan utleigar krevje at leigetakar betalar?

Person bruker bankkortet på mobilen. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Betaling av leie

Husleiekontrakt

Utleigar kan i utgangspunktet berre krevje betaling av den avtalte husleiga. Når leigeforholdet blir inngått, kan partane avtale eit depositum eller ein garanti.

Depositum og garanti

Etter husleigelova kan ein avtale at leigetakar skal betale tillegg for forbruksavhengige utgifter til straum, brensel, vatn og avløp.

Utleigar kan ikkje krevje andre tillegg til leiga.

For eksempel kan ikkje utleigar krevje betalt for fellesutgifter, internett, kabel-TV, trappevask eller fellesvaskeri. Utleigar kan heller ikkje kreve kommunale avgifter som eigedomsskatt og renovasjon, men kun beløpet som gjeld utgifter til vatn og avløp.

Alle utgifter som utleigar ønsker at leigetakar skal dekke må med andre ord vere inkludert i leigesummen.

Utleigar kan velje å ikkje tilby internett og TV. Dersom dette ikkje er inkludert i leiga, så må leigetakar opprette eiga avtale med ein nettleverandør viss leigetakar ønskjer å ha internett og TV.

Husleigelova § 3-1 Husleigelova § 3-4