Hopp til hovedinnhold

Om tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar

Skrivebord med penner og en person som sitter på PCen. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Husleiekontrakt

Ein leigeavtale kan bli inngått for bestemt eller ubestemt tid. Står det ein sluttdato i avtalen, er den tidsbestemt. Står det ikkje ein sluttdato, er avtalen tidsubestemt.

Hovudregelen for tidsbestemte leigeavtalar er at utleigar må leige ut i minst tre år. Det kan vere høve til å seie opp kontrakten i denne perioden, men det kan også vere avtalt at partane ikkje kan seie opp kontrakten. Dersom ikkje anna er skriftleg avtalt, så kan tidsbestemte avtalar seiast opp.

Gjeld leigekontrakten lofts- eller sokkelbustad i einebustad, eller halvparten av tomannsbustad, og utleigaren bur i same hus, kan leigetida bli sett til eit år.

Viss utleigar har ein sakleg grunn, kan leigetida bli sett enda kortare, også månader eller veker. Utleigar kan f.eks. leige ut bustaden sin under eit tidsavgrensa opphald for arbeid, utdanning eller ferie. Dette må opplysast om skriftleg i kontrakten.

Tidsubestemte avtalar er bindande til ein av partane seier opp avtalen.

Les kontrakten nøye

Les kontrakten nøye slik at du er klar over kva leigetid som er avtalt, om du kan seie opp kontrakten og kor lang oppseiingstid som gjeld.

Husleigelova § 9-1 Husleigelova § 9-2 Husleigelova § 9-3 Oppseiing