Hopp til hovedinnhold

Leigetakar har sagt opp leigekontrakten

Har leigetakar sagt opp leigekontrakten? Her finn du informasjon om kva reglar som gjeld.

Kva står i leigekontrakten?

Kva rett leigetakar har til å seie opp leigeavtalen, står ofte skrive i den skriftlege leigekontrakten.

Det er lov for utleigar og leigetakar å avtale mellomløysingar, for eksempel at leigeeavtalen ikkje kan seiast opp det første året av leigeperioden eller at leigekontrakten kun kan seiast opp av bestemte grunnar.

Tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar

Leigetakar kan seie opp ein tidsubestemt leiekontrakt, dersom anna ikke er avtalt.

Leigetakar kan seie opp ein tidsbestemt leigekontrakt, viss det er avtalt eller viss utleigaren ikkje har informert leigetakar skriftleg om at leigeavtalen ikkje kan seiast opp.

Les meir om tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar

Korleis skal oppseiinga skje?

Leigetakaren kan seie opp leigeavtalen munnleg eller skriftleg, og treng ikkje å gi ein grunn for oppeiinga.

OppseiingHusleigelova § 9-2 Husleigelova § 9-4