Hopp til hovedinnhold

Leigetakar har ikkje vaska ordentleg

Har leigetakar flytta utan å vaske ordentleg?

Leigetakar pliktar å levere tilbake bustaden i avtalt stand. Viss ikkje anna er avtalt, må leigetakar tilbakelevere bustaden rydda, reingjort og i same stand som ved overtakinga.

Husleigelova § 10-2

Ved utflytting skal bustaden vere så rein at neste leigetakar skal kunne flytte rett inn utan ytterlegare vasking. Dette inneber blant anna at leigetakar må vaske i skuffer og skap, reingjere dusjen og kjøkkenvifta.

Sjølv om bustaden var mangelfullt reingjort ved innflytting, er leigetakar forplikta til å vaske. Viss leigetakar ved innflytting var misfornøgd med rengjeringa, skulle han gitt beskjed om dette til utleigar innan rimeleg tid etter at han flytta inn.

Viss leigetakar har flytta og levert nøklane til utleigar, har han ikkje rett til å kome tilbake for å vaske med mindre utleigar tillèt det.

Utleigar kan krevje erstatning for utgifter til utvask i tilfelle der leigetakar ikkje har vaska ordentleg.

Husleigelova § 10-3 I kva stand bustaden vere ved tilbakelevering?