Hopp til hovedinnhold

Utleigar betalar ikkje tilbake depositumet

Nedanfor finn du informasjon om korleis du som leigetakar kan gå fram viss utleigar ikkje medverkar til å betale tilbake depositumet etter at leigeforholdet er avslutta.

Viss depositumet står på ein lovleg depositums- konto

Eit depositum skal stå på ein sperra bankkonto i leigetakar sitt namn.

Når leigeforholdet er avslutta kan leigetakar be om skriftleg samtykke til at depositumet blir utbetalt til leigetakar. Nokre gongar meiner utleigar å ha krav på å få utbetalt depositumet.

Framgongsmåten for å krevje depositumet utbetalt

1

Ta kontakt med banken

Når leigeforholdet er avslutta, kan du som leigetakar ta direkte kontakt med banken og be om at beløpet blir utbetalt. Banken skal då, utan ugrunna opphald, sende skriftleg varsel til utleigar om at beløpet vil bli utbetalt til deg innan fem veker.

Utleigar kan kun stoppe utbetalinga dersom han innan denne fristen kan dokumentere anten at

  1. Du skuldar utleigar husleige til ein husleigekonto i same bank,
  2. Du samtykkar til utbetaling til utleigar, eller
  3. Utleigar har reist søksmål (klaga inn saka til Husleigetvistutvalet eller ein domstol).
2

Vent

Viss utleigar ikkje legg fram dokumentasjon som nemnt til banken innan fristen på fem veker, skal depositumet utbetalast til deg. Banken kan ikkje halde tilbake beløpet i ein lengre periode, eller på andre grunnlag enn angitt over.

Merk at det først er når banken har sendt skriftleg varsel til utleigar at fristen på fem veker startar. Det kan derfor vere lurt å be banken om å få ein kopi av varselet som blir sendt til utleigar når du først tar kontakt for å kreve beløpet utbetalt. Du kan då følgje opp at varselet faktisk har blitt sendt med ein gong, og kva som skjer når fristen går ut.

3

Særleg om skuldig leige

Dersom utleigar har dokumentert skuldig husleige til ein husleigekonto i same bank som depositumskontoen, er utgangspunktet at beløpet skal utbetalast til utleigar.

I denne situasjonen er det leigetakar som må reise søksmål mot utleigar innan fem veker for å forhindre utbetaling. For alle andre krav enn skuldig leige, er det utleigar som må ta ut søksmål for utbetaling av depositumet.

Husleigelova § 3-5

Viss depositumet er ulovleg

Eit depositum skal stå på ein sperra bankkonto i leigetakar sitt namn. Er depositumet betalt til utleigaren kontant eller til utleigar sin konto, er det et ulovleg depositum. Leigetakar kan då når som helst krevje depositumet tilbakebetalt. Som hovudregel har leigetakar krav på forseinkingsrenter frå den dagen leigetakar betalte depositumet.

Viss utleigar ikkje tilbakebetaler depositumet, kan du sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet.

Husleigelova § 3-5 Husleiegelova § 3-7 Send inn klage