Hopp til hovedinnhold

Eg har blitt klaga inn

Har du blitt klaga inn? Fortvil ikkje. Her finn du informasjon om kva du må gjere og korleis du svarar på klagen.

Viktig informasjon

  • Har du mottatt klagen per posten eller i Altinn må du stadfeste at du har mottatt klagen innan åtte dagar
  • Fristen for å svare på klagen står i brevet du har fått
  • Viss du ikkje sender tilsvaret innan fristen, kan Husleigetvistutvalet avgjere saka i eit vedtak på bakgrunn av informasjonen i klagen

Husleigetvistutvalet sender primært ut informasjon til deg via digital post. Du kan sjå ein kort film med informasjon om digital postkasse her. Du kan lese meir om korleis du opprettar digital postkasse her.

Slik gjer du

1

Stadfest at du har mottatt klagen

Har du motatt klagen i posten eller i Altinn er det viktig at du sender ei stadfesting på at du har mottatt klagen. Dette gjer du ved å bruke skjemaet for tilleggsinformasjon der du oppgir saksnummeret, fullt namn og skriv at du har mottatt klagen. Eventuelt kan du signere og returnere mottakskvitteringa som du finn vedlagt brevet med klagen. Fristen for å stadfeste mottak av klagen er åtte dagar.

Har du mottatt klagen i den private digitale postkassa di, Digipost eller e-Boks, treng du ikkje å sende inn ei stadfesting.

Hvis du ikkje stadfestar at klagen er mottatt, må vi sende deg klagen via stemnevitne (politiet). Stemnevitnet kan oppsøke deg heime eller på jobb for å forkynne klagen.

Les meir om forkynning

2

Finn ut om du vil godta krava i klagen

Tilsvaret er moglegheita du har til å svare på krava i klagen. I det digitale tilsvarsskjemaet vårt som du finn lengre ned på denne sida, kan du krysse av for om du godtar alle krava, nokre av krava eller ingen av krava. Her kan du også forklare kva du meiner om krava i klagen.

Fristen for å sende inn tilsvaret står i brevet du fekk saman med klagen. Viss du ikkje sender tilsvaret innan fristen, kan Husleigetvistutvalet avgjere saka i eit vedtak på bakgrunn av informasjonen i klagen.

3

Finn fram nødvendige bevis

Finn fram relevante bevis som støttar forklaringa di. Nokre døme på bevis er kommunikasjon mellom partane, bilde, skriftlege uttalar frå fagfolk eller andre vitne og kontoutskrifter.

Du har ansvar for å sende inn bevis og skrive korleis bevisa støttar forklaringa di. Alt du sender inn blir oversendt til motparten. Du har ansvar for å utelate eller sensurere opplysingar du ikkje vil dele med motparten. Informasjonen du sender inn må vere relevant for krava i saka. Du må samle bevisa i éin PDF-fil som du legg ved tilsvarsskjemaet.

Vi tar ikkje imot video- eller lydfilar utan godkjenning.

For å sende inn video- eller lydfilar må du først sende oss ei skriftleg skildring av kva dei skal bevise og forklare kvifor dei er viktige bevis. Husleigetvistutvalet vil gi deg beskjed viss du skal få sende det inn.

Les om bevis og korleis du sender det inn
4

Fyll ut og send inn tilsvarsskjemaet

Tilsvaret er svaret ditt på krava i klagen. Tilsvaret må vere skrive på norsk. Den enklaste måten å sende inn tilsvaret på er å fylle ut tilsvarsskjemaet. Lenke til tilsvarsskjemaet finn du lengre ned på denne sida. 

Får du ikkje til å bruke tilsvarsskjemaet, kan du sende tilsvaret i ein e-post eller med vanleg post. Viss du sender tilsvaret i ein e-post, må du samle bevisa i éin PDF-fil.

Dersom du har krav mot motparten, kan du sende inn ein motklage. Viss du sender inn eit tilsvar eller ein motklage på vegne av nokon andre enn deg sjølv, må du sende inn ei fullmakt. Representerer du ei verksemd, må du ha fullmakt frå styreleiar.

til tilsvarsskjemaet Les meir om kva ei motklage erFullmaktsskjemaLes om korleis du sender inn bevis

5

Kva skjer vidare?

Etter at Husleigetvistutvalet har mottatt tilsvaret ditt, vurderer vi om partane skal få eit tilbod om mekling, eller om vi skal avgjere saka i eit skriftleg vedtak. Vi sender tilsvaret til motparten.

Les meir om saksgangen i Huslegetvistutvalet Om mekling

Klar til å sende inn tilsvar?