Hopp til hovedinnhold

Leigetakar har heva grunn av mugg

Har leigetakar heva leigeavtalen på grunn av mugg? Her finn du informasjon om kva heving er og om rettane til leigetakar og utleigar.

Kva er heving?

Heving er ein ekstraordinær måte å avslutte leigeavtalen umiddelbart på. For at leigetakar skal ha rett til å heve, må utleigar vere skuldig i eit omfattende eller alvorleg kontraktsbrot.

Om muggsopp

Muggsopp er ein av dei mest vanlege skadane på bustadar. Det er ofte fleire årsaker til at muggsoppen oppstår. Ofte skuldast muggsoppen ein kombinasjon av forhold ved bustaden, bruken til leigetakar og lokale vêr- og klimaforhold.

Mangelen på skriftlege bevis kan skape utfordringar viss partane blir ueinige. Det finst fleire firma som kan undersøke om det er muggsopp i ein bustad, kva årsakene er og kor alvorlig problemet er.

Les meir om fukt og mugg i bustaden

Rettane til leigetakar

  • Om muggsoppen utgjer eit kontraktsbrot som gir rett til å heve kjem blant anna an på kva årsakene er, kor alvorleg problemet er, kor lenge problema har vart, om utleigar har skuld i problemet og om andre reaksjonar enn heving vil avhjelpe problemet. Det må vere eit vesentleg kontraktsbrot.
  • Viss leigetakar har rett til å heve, må han ikkje betale husleige etter utflytting. Leigetakar kan også ha krav på erstatning for kostnadar som han har fått på grunn av muggsoppen.

Rettane til utleigar

Dersom leigetakar heva leigeavtalen utan å ha rett til det, kan utleigar ha krav på betaling av husleige og erstatning.

Steg for steg

Har det oppstått ei ueinigheit om heving? Slik går du fram for å løyse situasjonen

1

Les deg opp på dine rettigheter og plikter

I mange tilfelle løyser ueinigheiter seg når begge partar forstår rettane og pliktene sine. På nettsidene våre kan du finne god informasjon om rettane og pliktene dine.

Det finst også organisasjonar du kan kontakte for juridisk rådgjeving

Når kan leigetakar heve leigekontrakten? Treng du juridisk hjelp?
2

Om de ikkje løyser ueinigheita, kan du vurdere å sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet

Viss de ikkje løyser ueinigheita, og du meiner å ha krav på skuldig leige eller erstatning, kan du sende inn ein klage til Husleigetvistutvalet.

Når kan du klage?Send inn klage