Hopp til hovedinnhold

Når kan leigetakar heve leigekontrakten?

Person bruker teip på flytteeske.

Temaer i denne artikkelen

Heving

Heving er ein ekstraordinær måte å avslutte leigeavtalen umiddelbart på. For at leigetakar skal ha rett til å heve, må utleigar vere skuldig i eit omfattande eller alvorleg kontraktsbrot

Heving er den mest alvorlege måten å reagere på. Det skal derfor mykje til for å ha rett til å heve.

Viss leigetakar hevar utan å ha rett til det, kan det føre til at leigetakar må halde fram med å betale husleige til utleigar etter utflytting. Det kan også føre til at leigetakar må betale erstatning til utleigar. Ofte vil det tryggaste vere å seie opp leigeavtalen.

Les meir om oppseiing

For å ha rett til å heve, må det vere eit vesentleg kontraktsbrot frå utleigaren.

I denne vurderinga har det blant anna betyding kor alvorleg kontraktsbotet er og om det er andre reaksjonar som vil avhjelpe situasjonen, for eksempel retting, leigeavslag eller erstatning.

Om leigetakar har rett til å heve, må ein vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Eksempl på situasjonar der leigetakaren kan ha rett til å heve:

  • Alvorlege feil og manglar ved bustaden, for eksempel at bustaden ikkje er godkjent for å bu i.
  • Utleigar overleverer ikkje bustaden med nøklar ved starten av leigeforholdet.
  • Feil og manglar som utleigaren ikkje følgjer opp, og som gjeld forhold som leigetakaren kommuniserte som viktige til utleigaren før avtalen blei inngått.

Leigetakar bør sikre seg bevis

Dessverre kan mangelen på skriftlege bevis skape utfordringar viss partane blir ueinige. Utan skriftlege bevis kan det bli vanskeleg å vinne fram i ei sak i Husleigetvistutvalet.

Det kan vere lurt for leigetakar å få juridisk rådgjeving før ho vel å heve leigekontrakten.

Treng du juridisk hjelp?Husleigelova § 2-12 Husleigelova § 2-10 Husleigelova § 5-7