Hopp til hovedinnhold

Utleigar har heva fordi leigetakar ikkje betalar leige

Har utleigar heva leigeavtalen på grunn av manglande leigebetaling? Her finn du informasjon om kva heving er og om rettane til utleigar og leigetakar.

Kva er heving?

Heving er ein ekstraordinær måte å avslutte leigeavtalen umiddelbart på. For at utleigar skal ha rett til å heve på grunn av at leigetakar ikkje har betalt leige, må leigetakar vere skuldig i eit betydeleg kontraktsbrot.


Rettane til utleigar

  • For at utleigar kan heve, må det vere eit vesentleg kontraktsbrot frå leigetakaren. I denne vurderinga kan det blant anna ha betyding kor mykje husleige som ikkje er betalt, og kor lang forseinkinga har vore.
  • Hevinga skal vere skriftleg og utleigaren skal opplyse leigetakaren om grunnen til hevinga.
  • Viss utleigar har rett til å heve, må leigeetakar flytte ut. Utleigaren kan ha krav på erstatning for tapte leigeinntekter og kostnadar han har fått på grunn av hevinga.

Husleieloven § 9-9

Rettane til leigetakar

Viss utleigar ikkje har rett til å heve leigeavtalen, kan leigetakar fortsette å bu i bustaden.

Hugs å sikre bevis

Mangelen på skriftlege bevis kan skape utfordringar viss partane blir ueinige. Viss leigetakar meiner å ha betalt leiga, kan det vere lurt å finne fram skriftlege bevis for innbetalingane, for eksempel ei bankutskrift.

Viss du er usikker på om du har rett til å fortsette å bu, finst det organisasjonar du kan kontakte for juridisk rådgjeving.

Treng du juridisk hjelp?