Vår publikumstelefon vil være stengt fra mandag 25. mars til og med tirsdag 2. april. Vi oppfordrer deg til å benytte våre digitale skjemaer her på nettsiden.
Hopp til hovedinnhold

Leigetakar betalar ikkje husleige

Person ser på dokumenter. Foto.

Har leigetakar slutta å betale leige? Her finn du informasjon om kva du kan gjere.

Oppseiing

Manglande betaling av husleige kan vere ein gyldig oppseiingsgrunn. Kva rett du som utleigar har til å seie opp, står i leigekontrakten.

Les meir om når utleigar kan seie opp leigekontrakten

Heving

Heving er ein ekstraordinær måte å avslutte leigekontrakten på, og føreset at det har skjedd eit vesentleg kontraktsbrot frå leigetakar. Viss leigetakar har slutta å betale leige, kan utleigar ha rett til å heve.

Når kan utleigar heve leigekontrakten?

Utkasting

Viss det er avtalt i leigekontrakten at manglande betaling av leige gir tvangsgrunnlag for å kaste ut leigetakar, kan du be om at namsmannen gjennomfører utkasting. 

Før utkastinga kan setjast i gong må du sende varsel med ein betalingsfrist på 14 dagar til leigetakar. Viss leigetakar ikkje betalar innan fristen, kan krevje at namsmannen kastar ut leigetakaren.

Slik krev du utkasting