Hopp til hovedinnhold

Kan leigetakar halde tilbake leige, krevje avslag eller erstatning?

Person ser på dokumenter. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Betaling av leie

Viss bustaden har ein mangel, kan leigetakar i nokre tilfelle halde tilbake ein del av leiga, krevje leigeavslag eller erstatning.

At bustaden har ein mangel betyr at den ikkje er i samsvar med leigeavtalen. Viss ikkje anna er avtalt, skal bustaden vere i vanleg god stand.

Før leigetakaren kan halde tilbake leige eller krevje leigeavslag eller erstatning, må utleigar få moglegheit til å rette mangelen. Retting skal skje innan rimeleg tid etter at leigetakar har varsla utleigar om mangelen. 

Rettar ikkje utleigar mangelen innan rimeleg tid, kan leigetakar krevje avslag i leiga eller erstatning. Leigetakar kan også velje å halde tilbake leige for å sikre krava sine. 

Viss leigetakaren vel å halde tilbake leige må beløpet som blir halde tilbake stå i forhold til mangelen og storleiken på det kravet leigetakar meiner å ha mot utleigar. Utleigar må også varslast om kvifor leigetakar held tilbake leige, og kor stor del av husleiga som blir halde tilbake.

Leigetakar bør setje beløpet på ein eigen deponeringskonto, som berre kan disponerast av leigetakar og utleigar i fellesskap.

Eksempel

Varmtvatnstanken er øydelagt og må skiftast ut. Leigetakar har sendt skriftleg varsel om mangelen til utleigar, men utleigar har ikkje gjort noko for å reparere varmtvatnstanken. Tar det lang tid før utleigar får denne reparert, kan leigetakar krevje ein forholdsmessig reduksjon i husleiga.

Husleigelova kapittel 2 Husleigelova § 5-7 Husleigelova § 3-8