Hopp til hovedinnhold

Kan leigetakar seie opp leigekontrakten?

Skrivebord med penner og en person som sitter på PCen. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Oppsigelse

Kva står i leigekontrakten?

Kva rett leigetakar har til å seie opp leigeavtalen, står ofte skrive i leigekontrakten.

Tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar

Leigetakar kan seie opp ein tidsubestemt leigekontrakt, dersom anna ikkje er avtalt.

Leigetakar kan seie opp ein tidsbestemt leigekontrakt, viss det er avtalt eller viss utleigaren ikkje har informert leigetakar skriftleg om at leigeavtalen ikkje kan seiast opp.

Les meir om tidsbestemte og tidsubestemte leigekontraktar

Korleis skal oppseiinga skje?

Leigetakaren kan seie opp leigeavtalen munnleg eller skriftleg, og treng ikkje å gi ein grunn for oppseiinga.

Dessverre kan mangelen på skriftleg bevis skape utfordringar viss partane blir ueinige. Utan skriftlege bevis kan det bli vanskeleg å vinne fram i ei sak i Husleigetvistutvalet. For å bevise at leigekontrakten er sagt opp, kan det vere lurt for leigetakar å seie opp skriftleg.

Det er lov å avtale mellomløysingar

Det er lov for utleigar og leigetakar å avtale mellomløysingar, for eksempel at leigeavtalen ikkje kan seiast opp det første året av leigeperioden eller at leigekontrakten kun seiast opp av bestemte grunnar.

Les meir om oppseiingHusleigelova § 9-2 Husleigelova § 9-4