Hopp til hovedinnhold

Kva opplysingar kan utleigar be om før ein inngår leigekontrakten?

Temaer i denne artikkelen

Husleiekontrakt

Husleigeloven har ingen reglar om kva opplysingar utleigar kan eller ikkje kan be om, men i § 1-8 er det eit forbod mot diskriminering.

Ved utleige av husrom kan det ikkje leggast vekt på kjønn, graviditet, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk eller alder.

Dette inneber at ein som utleigar ikke burde be om opplysingar som kan medføre diskriminering.

Utleigaren har lov til å be om informasjon som inneber at du som leigetakar kan identifiserast, slik som personnummer. Det er fordi dette er ei opplysing utleigar må ha for å kunne opprette ein depositumskonto.

Husleigelova § 1-8 Forbod mot diskriminering