Hopp til hovedinnhold

Skadar som oppstår i leigeperioden

Knuste tallerkener. Foto.

Sei frå om skadar

Det kan oppstå skadar i løpet av leigeforholdet. I nokre tilfelle er det leigetakaren eller gjestene til leigetakar sin feil, i andre tilfelle er det naboen, nokre gonger er det ingen som har skuld i skaden.

Til dømes kan krana på kjøkkenet bli øydelagt. Det kan skuldast at krana er gamal og på grunn av alder har blitt øydelagt.

Dersom leigetakaren oppdagar skadar på husrommet som må reparerast med ein gong, må leigetakaren straks seie frå om det. Ei slik plikt følger av husleigelova § 5-5. Dersom leigetakar oppdagar andre skadar på husrommet, pliktar han å melde frå innan rimeleg tid.

Leigetakar pliktar å gjere det som rimeleg kan krevast for å avverge økonomisk tap for utleigaren som følge av skaden. I dømet over må leigetakar melde frå med ein gong. Om utleigaren ikkje ringer rørleggar, så må leigetakar gjere det.

Er ikkje leigetakar ansvarleg for skaden, kan leigetakar kreve erstatta dei utgiftene som var forsvarlege for å få fiksa skaden.

Husleigelova § 5-5 Vedlikehaldsplikt og forandringar i bustaden

Kven som er ansvarleg for å dekke kostnaden ved reparasjon eller å erstatte gjenstanden er avhengig av om leigetakar har vore uforsiktig og øydelagt noko. I tillegg er det av betyding kva vedlikehaldsplikt som er avtalt.

Krav frå leigetakar grunn av manglar som oppstår i leigeperioden

Oppstår det ein skade i leigeperioden som leigetakar ikkje er ansvarleg for, kan leigetakaren:

  • Kreve at utleigar fiksar skaden
  • Kreve avslag i leige under føresetnad av at mangelen ikkje er ubetydeleg
  • I nokre tilfelle heve leigeavtalen
  • Kreve erstatning
  • Halde tilbake leige
Husleigelova § 5-7

Utleigar pliktar å rette mangelen

Sjølv om mangelen beror på forhold på leigetakeren si side, pliktar utleigaren å rette mangelen etter § 2-10. Er leigetakaren ansvarleg for økonomisk tap som følge av skaden, jf. § 5-8, kan utleigaren stille som vilkår for retting at leigetakaren erstattar tapet først.

Leigetakar sitt erstatningsansvar for skadar

Utleigaren kan kreve erstatning for tap som følge av at leigetakar gjer skade på leigeobjektet eller ikkje seier frå dersom det oppstår ein skade som må utbedrast med ein gong og det medfører ekstra kostnadar for utleigaren at leigetakar ikkje sa frå om skaden.

Husleigelova § 5-8