Hopp til hovedinnhold

I mange tilfelle leiger ein bustad saman med andre. Dette kan vere fleire som leiger i eit kollektiv, eit kjærastepar som leiger saman, den eine kjærasten leiger av den andre, eller ein familie som leiger bustad.

Det er forskjellige måtar å leige saman på. Noko av det viktigaste å vere bevisst på er kven som har inngått kontrakt med utleigaren.

Har ein felles kontrakt, har alle kvar sin kontrakt, eller er det berre ein av leigetakarane som har kontrakt med utleigar? Dette kan få betyding for kva rettar og plikter ein har i eit leigeforhold.

Dersom to eller fleire leiger saman, dvs. har signert kontrakten saman, er hovedregelen at dei er solidarisk ansvarlege for at avtalen blir oppfylt (solidaransvar – ein for alle og alle for ein).

Kva ansvar har ein når ein leiger saman?

Solidaransvar

Solidaransvar betyr at to eller fleire personar er ansvarlege for same økonomiske plikt. I husleigesaker inneber dette at utleigar kan velge om han vil kreve at ein eller fleire skal betale. Det blir då opp til leigetakarane å gjere opp seg imellom etterpå.

Felles ansvar for skyldig leige og skadar?

Er ein solidarisk ansvarleg inneber det i praksis at dersom ein av leigetakarane ikkje betalar leige, så er dei andre leigetakarane ansvarlege for å betale leige for den eine leigetakaren som skuldar leige. Det same gjeld for skadar.

Leigetakaren som har betalt for nokon andre, kan i ettertid rette krav mot den leigetakaren ein har betalt for. Eit slikt krav kan ikkje Husleigetvistutvalet behandle.

Pro rata ansvar

Det betyr at leigetakarane berre har ansvar for kvar sin del av pliktene etter avtalen, og ikkje er ansvarlege for kvarandre. Eit slikt delt ansvar må avtalast. Viss det ikkje er gjort, er det solidaransvar som gjeld.