Vi tar ikke imot besøkende ved våre kontorsteder. Unntak gjelder hvis du ønsker å se kunngjøringer/hente dokumenter som forkynnes ved kunngjøring, jf. domstolloven § 181
Hopp til hovedinnhold

Har leigetakar rett til å utbetre etter utflytting?

Person studerer et dørhåndtak. Foto.

Temaer i denne artikkelen

Utflytting

Den dagen leigeforholdet blir avslutta, skal leigetakaren levere bustaden tilbake til utleigar. Viss ikkje anna er avtalt, blir bustaden rekna som tilbakelevert når utleigar har fått nøklar og tilgang til bustaden. Leigetakar har frå dette tidspunktet ikkje lenger tilgang til bustaden.

Leigetakar har dermed heller ikkje rett til å kome tilbake for å vaske eller utbetre skadar eller manglar. Leigetakar bør derfor i god tid før tilbakelevering, setje seg inn i kva plikter han har etter leigekontrakten og husleigelova.

Husleigelova § 10-2 Les meir om utflytting